Bravo Iohannis ! Romania får ikkje kvinne som statsminister. Dragnea og Tariceanu vil ødelegge Romania

0
358

Romanias president seier nei til å la den sosialdemokratiske statsministerkandidaten Sevil Shhaideh danne ny regjering.
Shhaideh (52) kunne blitt Romanias første kvinnelege og også muslimske statsminister.
– Eg har gjort ein grundig analyse av argumenta for og imot, og eg har bestemt meg for ikkje å godkjenne dette forslaget, sa president Klaus Iohannis tysdag.
Det sosialdemokratiske partiet (PSD) valde Shhaideh som sin statsministerkandidat etter at dei vann valet 11. desember.
PSD-leiar, Liviu Dragnea, hadde då trekt sitt kandidatur fordi han er dømt til to års fengsel på vilkår for valfusk.


Shhaidehs politiske erfaring er avgrensa, ho var berre statsråd i seks månader før den førre PSD-leidde regjeringa gjekk av for eit år sidan.
http://www.fjordabladet.no/npk/utenriks/2016/12/27/Romania-f%C3%A5r-ikkje-kvinne-som-statsminister-13983437.ece

LĂSAȚI UN MESAJ

Please enter your comment!
Please enter your name here