(Imaginea este direct de la NrK, postul national TV al Norvegiei)
150.000 demonstrantar kasta røykbomber og fyrverkeri mot politiet i Bucuresti i natt. Opptøyane er dei heftigaste i Romania sidan Ceausescu-regimet måtte gå av i 1989.
Rundt 150.000 menneske demonstrerte i det kalde vintervêret i hovudstaden Bucuresti i natt, ifølgje BBC og rumenske nyheitsmedium, medan like mange har teke til gatene i andre byar. Det er også demonstrasjonar i Timisoara, byen der 1989-revolusjonen starta.
Ei omstridd lov som gjer korrupsjon under 400.000 kroner lovleg, har utløyst dei største demonstrasjonane i Romania sidan revolusjonen som gjorde slutt på Ceausescu-regimet.
Demonstrantane krev at den sosialdemokratiske regjeringa må gå av, etter at dei sende ut eit haste-dekret om lovendringa i går.
Demonstrasjon i Bucuresti. Demonstrantane minner om revolusjonen i Romania i 1989, då Ceausescu-regimet vart styrta.
Her heiter det blant anna at berre er aktuelt med fengselsstraff, dersom korrupsjonen resulterer i eit pengetap på meir enn 44.000 euro, i underkant av 400.000 norske kroner.
Demonstrantane hevdar at den nye lova er spesialdesigna for leiaren for det sosialdemokratiske regjeringspartiet PSD, Liviu Dragnea, som vart dømd til to og eit halvt års fengsel på vilkår for korrupsjon og maktmisbruk for 24.000 euro, rundt 200.000 norske kroner.
Dette blir avvist av justisminister Florin Iordache. Han seier at det på ingen måte er noko hemmeleg, ulovleg eller umoralsk ved den nye lova. Han seier også at endringane er gjorde for å tilpasse lovverket til grunnlova.
Regjeringa seier også at dei vil leggje fram ei lov som vil føre til at 2500 personar som sonar straffer på mindre enn fem års fengsel for ikkje valdelege brotsverk, skal setjast fri. Og grunnen, seier makthavarane, er at fengsla er overfylte.
en nye lova regjeringa i Romania har innført har også fått alarmklokkene til å ringje i EU. President i EU-kommisjonen, Jean-Claude Juncker, er djupt uroa over det den rumenske regjeringa har gjort.
– Kampen mot korrupsjon må styrkjast og ikkje leggjast til side. Vi følgjer utviklinga i Romania med djup uro, heiter det i ei fråsegn frå Juncker og visepresident i kommisjonen, Frans Timmermans.
Presidenten kritisk
Så seint som sist veke gav EU-kommisjonen ros til Romania for framgangen landet har gjort på dette feltet etter at landet blei medlem i EU i 2009.
Også Romanias president Klaus Iohannis er sterkt kritisk til den nye lova, som han meiner er eit stort tilbakeslag i kampen mot korrupsjon.
https://www.nrk.no/urix/valdelege-opptoyar-i-bucuresti-i-natt-1.13355462